Liv andre har levd

399,- 179,-

Denne varen er dessverre utsolgt for øyeblikket, ta kontakt med oss for hjelp

Hoem, Edvard
Format: Innbundet ISBN: 9788249518364 Kategorier: ,

Eilert Knudtson er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga etter at kona Martha døde frå han og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan Eilert sist såg heimlandet.

Seksten år gamle Lars Hoem vil bli med onkelen sin Eilert tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi ein stein skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei nådelause trettiåra.

Eilert går inn i ein stri kamp. Da han ikkje kan betale avdraga for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tvingar styresmaktene han til å bli leiglending. Den aldrande farmaren kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar – for å vinne tilbake det han har tapt.

Liv andre har levd er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Romanen stiller det fundamentale spørsmålet: I kor stor grad kan eit menneske styre si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje rår over?